Find din rejse

    • + Rejse med børn

Fly frå Stord til Oslo

DAT flyr mellom naturskjønne Stord og hovudstaden Oslo, og det tek berre 1 time å koma fram.

Når du reiser med DAT kan du vera sikker på at di tid er viktig for oss. Derfor har vi og gjort alt vi kan for å gjera reisa di frå Stord til Oslo så komfortabel som råd. 

Sjølv om det kan vera ein dyr fornøyelse å reisa på ferie, passar vi på at båe studentar og pensjonistar kan ha råd til reisa. Med rabatt på billettar til seniorar og studerande på fly til Oslo har ein og råd til opplevingar i hovudstaden.   

FORDELAR NÅR DU FLYR MED DAT

 

FLY FRÅ STORD TIL OSLO – SETT KVARDAGEN PÅ PAUSE OG FLY TIL OSLO

Takka vera plasseringa mellom Oslofjorden og dei skogkledde bakkane, samt byens store engasjement i å ta vare på dei skjønne naturområda og få ned forureininga, har Oslo i 2019 blitt kåra til Europas grøne hovudstad. Oslo er ein sosial og kompakt by, som lett kan utforskast til fots eller på sykkel. Ein kan til dømes lett og rimeleg leiga ein av mange bysyklar, som fins over heile byen eller nytta det effektive offentlege transportsystemet.

Oslo har vore Noregs hovudstad sidan 1814, og husar mange av dei mest prestisjefylte kultur- og kunstinstitusjonar. Ein kan såleis oppleva opera, ballett og teaterførestillingar i verdsklasse året rundt,

og kunstelskarar kan oppleva alle dei kjende verka på nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Besøk og det verdskjente Munchmuseet eller gå på oppleving i byens mange andre galleri.

Livemusikk er ein integrert del av Oslo sin identitet, og kvart år er det gode høve for konsertar med både nasjonale og internasjonale artistar. Om sommaren trekker store Open Air-festivalar tusenvis av mennesker til Oslo, kor alle sjangrar frå klassisk musikk til heavy metal er representert.

Oslo og det norske kjøken har gjennom dei seinaste åra opplevd eit internasjonalt gjennombrot, og i Oslo kan man oppleve eit stort utval av dei restaurantane som har vore med på å setja Noreg på det gastronomiske verdskartet. I Oslos gastronomiske underverden er det fokus på ein ny tilgang til norske ingrediensar og mattradisjonar, som i høg grad er med på å prega byens mest populære   cocktail- og kaffibarar.

Reisetider til Stord Lufthamn

Bremmes 36 min
Steinsbø 23 min
Bømlo 25 min
Lykling 37 min
Valevåg 20 min

FLEKSIBEL BOOKING

Fleksibilitet er eitt av våre varemerker når du skal reisa med fly frå Stord til Oslo. Det er derfor og utruleg lett å ombooke eller kansellere din billett om møtet, middagen eller familiebesøket strekk ut. Det tyder og at det ikkje er noko grunn til stress og uro når du og din familie flyr til Oslo frå Stord.

Endringar skjer via vårt online bookingsystem.